Svanhild i vinteropplag

Arkeolog Morten Kutchera: Flintslåing - verdas eldste handverk?

Torsdag 12. mars 2009 kl. 18.00 til 19.30, Kystmuseet, Florø

Flintsmeden Morten Kutschera forklarer og demonstrerer korleis menneske i steinalderen og bronsealderen laga pilespissar, økser og andre odd- og eggreiskap av stein. Han vil fortelje om og vise ei rekke ulike teknikkar frå slutten av istida og fram til handverket døyr ut etter å ha nått eit høgdepunkt i bronsealderen.

  • Kystmuseet, Florø
  • Kystmuseet, Florø
  • Kystmuseet, Florø
  • Astronomikveld på Kystmuseet
  • Astronomikveld på Kystmuseet
  • Astronomikveld på Kystmuseet
  • Astronomikveld på Kystmuseet

Dei båtreisande

Torsdag 19. februar 2009 til onsdag 11. mars 2009, Kystmuseet, Florø

Møt Romanifolket i ei ny vandreutstilling på Kystmuseet – ein minoritet som har levd i Noreg i 500 år. Dei som reiste, levde og handla langs kysten brukte ofte båtar – både som bolig og framkomstmiddel. Difor blir dei ofte kalt «dei båtreisande». Om folk har gjenstandar i huset som er kjøpte av eller stammar frå dei reisande, så er museet interessert i å låne desse i samband med utstillinga. Det same gjeld foto eller forteljingar som folk har lyst til å dele med oss. Vi oppmodar folk om å ta kontakt med museet. På denne måten kan folk hjelpe oss til å gje vandreutstillinga ei lokal vinkling.

Open dag og markering av kulturminneåret 2009

Tirsdag 26. mai 2009 kl. 10.00 til 17.00, Vågsberget, Vågsøy kommune

Følg med på museet sine heimesider for meir informasjon.

Haraldy Dyrkorn: Fiskarbonde - livsform i endring

Onsdag 22. april 2009 kl. 18.00 til 19.30, Kystmuseet, Florø

Den tradisjonelle livsforma langs nordatlantiske kystar – fiskarbonde – har røter heilt tilbake til yngre steinalder. Denne livsforma omfattar både kystlandskapet, mentale og sosiale element i ein heilskap vi kan kalle fiskarbonden sitt sosiale rom. Kva endrar seg og kva blir halde ved like i eit tidsspenn frå midten av 19000-talet og til våre dagar?

Masterstudent i sosialantropologi, Harald Dyrkorn, vil fortelje meir om dette i foredraget. Dyrkorn er oppvaksen i fiskarbondemiljø på Nordøyane på Sunnmøre. Han er særskilt oppteken av sosiale endringsprosessar i kystsamfunn og arven frå fiskarbondesamfunnet.

Bjørn Fjellheim (Kystmuseet): Fisk i kosthaldet før fryseboksen

Tirsdag 10. mars 2009 kl. 18.00 til 19.30, Kystmuseet, Florø

Før i tida hadde fisk ein mykje større plass i kosthaldet enn no, både når det gjeld kor ofte ein åt fisk og til kva slags måltid gjennom dagen. Dette gjeld ikkje berre kystfolket, men òg dei som levde inne i landet. Før fryseteknologien blei tatt i bruk, først i produksjon og omsetning av fisk og etterkvart i heimane til folk, måtte fisken konserverast for å gjerast haldbar. Dette skjedde ved tørking, salting, røyking, raking eller ein kombinasjon av desse metodane. Det er hevda av fleire som har forska i maten si historie at folk føretrakk fisk som var konservert, sjølv der dei kunne hente fersk fisk frå havet. Dei likte best smaken av salt, surt, røykt eller speka.

Vi vil freiste å nyansere dette tilhøvet mellom bruk av fersk og konservert fisk, med fokus på tida rundt førre hundreårsskiftet. Kva slags fisk blei konservert og kva slags blei brukt fersk? Kva slags konserveringsmetodar nytta ein for å gjere fisken haldbar? Vidare vil vi utdjupe fisken si rolle i kosthaldet, både som kvardagsmat og til fest. Kor ofte åt ein fisk, til kva slags måltid gjennom dagen og kva slags fiskerettar vart nytta til fest og høgtid, t. d. som bryllaupsmat og til jul? Det vil også bli gitt døme på spesielle lokale matrettar laga av ulike fiskeslag og forskjellige deler av fisken, ikkje berre kjøtet, men òg innvollene. Mange av desse rettene er gått ut av bruk.

Vel møtt!

Knut Andreas Bergsvik (UiB): Buplass eller rituell stad? Holer og hellerar i førhistorisk tid.

Søndag 22. mars 2009 kl. 15.00 til 20.30, Gamleskulen på Kinn

Bergsvik er arkeolog og prosjektleiar på Hellerprosjektet ved Universitetet i Bergen. Guida tur til dei to marine fjellholene – Nedste og Øvste Byrgehelleren på utsida av Kinnaklova. Desse holene er forma av havet kan hende for så langt attende som ved slutten av siste mellomistid for om lag 120 000 år sidan. På vegen vitjar vi og Bornihelleren som ligg rett bak kyrkja. Det vert høve til å kjøpe kaffi og «noko å bite i».

Øvste og nedste Byrgeheller

Kystmuseet i SoF

Følges av 10 medlemmer.

Kystmuseet er ei avdeling av stiftinga “Musea i Sogn og Fjordane”. Museet har hovudbase i Florø med tre moderne museumsbygg i eit 74 mål stort friområde. Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Langs vegen gjennom området blir det bygd eit frilandsmuseum med tilflytta hus – både gardstun, tettstad og fiskevær. Her ligg mellom anna Bataldebua – ei saltebu frå 1800-talet. Hovudhusa inneheld administrasjon, eit godt fagbibliotek, arkiv og ikkje minst fagfolk som står til teneste for publikum. Utstillingane omhandlar m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og oljeproduksjon. Kystmuseet ynskjer alle velkommen til å vitje samlingane på museet!

Les meir på våre heimesider Mer om sonen

Origo Kystmuseet i SoF er en sone på Origo. Les mer

Følg med på siste nytt frå Kystmuseet i Sogn og Fjordane – utstillingar, temakveldar og andre aktivitetar blir annonserte her. Sjå museet sine heimesider for meir informasjon. Legg gjerne inn kommentarar, tekstar og bilete som omhandlar kystkulturen i distriktet.

Annonse

Nye bilder